Wednesday, October 29, 2008

"Håland : den siste fastbuande kom frå Sirdal"

NB. We have in place a moratorium of sorts on details of Mr Ousdal’s family life, but find that we cannot resist the following piece. Besides, we love tractors.

Håland – den siste fastbuande kom frå Sirdal

Oddvar Tjomlid, Sirdølen avis, 26 March 2002

I følge sogeboka for Fjotland blei den avsidesliggjande garden Håland tidlegare kalla Ubordsheidi eller Heidi. Garden ligg på austsida av Kvina mellom Netlandsnes og Risnes. Ein 4 kilometer lang grusveg fører deg fram til garden. Det er ikkje noko vegskilt som det står Håland på. Og i dag er heller ikkje vegen open for allmenn ferdsel. Den tidlegare kommunevegen blei overlaten til grunneigarane for eit par år sidan. Difor er han no stengt med bom.


“Der ligg ei bygd i fjellheim grå, for framandkaren arm å sjå med myr og moar brune. Men dei som fekk si vogge her dei kjenner meir enn det dei ser, dei finn so god ein une”. Dikt av Severein Spillebrok. Foto: Oddvar Tjomlid

Ein vakker novemberdag set me kursen mot Håland, som i følge sagnet er oppkalla etter uburen som vart forvist hertil. “Her kan du vera, din uburen, sa dei til karen. Vil du arbeida kan du leva. Vil du ikkje det, kan du liggja daude”. Det er tydeleg at han velde det siste. 450 meter over havet, i det som dengong var ein svært avsidesliggjande stad, klarte han å livberga seg.

Den siste fastbuande var Arne Ousdal. Men etter at han døydde i 1986, har dei to husa stått ubebudde. Utanom bustadhusa er det eit fjøs og nokre mindre reidskapsbuer. Det som likevel slår ein, er dei store nydyrka markene.

-Då Arne budde her frå 1970 til 1985 dyrka han opp store område, fortel Tonny Ousdal. Ho er søster av Arne og har vore her fleire gonger tidlegare. Ikkje så rart kanskje, sidan mor hennar, Ingeborg, kjem frå Håland. Med på turen vår denne novemberdagen er også Jan Ousdal. Han bur i Flekkefjord, men leiger saman med sonen Erling jakt på bruket. Beitet er utleigd til nokre sauebønder frå Kvinesdal.

Det er to bruk på Håland. Grunneigar til det innerste bruket er Ingeborg Lien Strandhus, som bur i Asker. Garden arva ho etter Arne, onkelen sin, som døydde av kreft for 15 år sidan, berre 53 år gamal. Det andre bruket eig Ivar Risnes. Han bur også i Oslo-området. For tida føregår utskipning. Det vil medføre klare eigedomsgrenser mellom bruka etter at arbeidet er avslutta - truleg i løpet av komande år.



Det første huset du kjem til på Håland, blir i dag eigd av Ivar Risnes. Huset er svært stort. Det vart i tidlegare tider nytta til pensjonat. Foto: Oddvar Tjomlid

Søskenbarn på far si side

-Jan og eg er søskenbarn på farssida, fortel Tonny. På farssida er det difor også eit anna felles slektsband. Mannen som starta med molybdenutvinninga i Knabeheia, Per Ivarsson Ousdal, var bestefaren deira. Det er eit ganske omfattande slektsnett mellom øvre delar av Fjotland og nedre delar av Sirdal.

Jan fortel at han har jakta mykje i Hålandsheia, både då Per og Tor Håland levde, og seinare var han ofte hjå Arne.

Nokre jaktar på ryper, medan andre har heilt andre fuglar i sikte. Som til dømes italienarane som for nokre veker sidan oppheldt seg på naboeigedomen.

-Dei jakta på starar, seier Jan.

-Dei set ut kassettspelarar med opptak av lyder for å lokke fuglane til seg. Jakta er best når starane flokkar seg om hausten.


Kvinesdals eldste traktor står på garden. Det er ein russisk eller polskbygd traktor som kom til Fjotland under krigen. Det er synd at eit slikt klenodium skal bli ståande og ruste bort. Her har Jan teke plass på setet. Foto: Oddvar Tjomlid

Kvinesdals eldste traktor

Bak låven står ein gamal traktor. Tidas tann har gjort store innhogg på den gamle jernhesten. I følge Jan Ousdal, forøvrig far til den kjende skodespelaren Sverre Anker, kom traktoren til gards under krigen. Lanz Bulldog står det i fronten.

-Eg trur han er russisk eller polsk, seier Jan, og tek plass på stålsetet. Fjæringa virkar, men komforten må nok ha vore så som så når traktoren humpa rundt på fjellgarden og overtok hestens tyngste oppgåver. Dei breide stålhjula som vart laga for å kunne ta seg fram på dei blaute jordene, står lenger borte i vegen. Det krevs eit omfattande restaureringsarbeid for å få denne doningen på svev att.

Jan Ousdal leiger som tidlegare nemnd jaktterreng her saman med sonen Erling. Det er ikkje tilfeldig at han likar å traske i heia på desse kantane. For i ei årrekkje budde han på Knaben. Jan var og på gruva under begge bombeangrepa. Han budde då saman med Kåre Forfang. Sjølv om han ikkje blei skada, mista familien det meste av eigedelane sine under angrepa.

I aust blenkjer haustsola på toppane av Grunnevassknuten og Reinsfjell. Nysnøen gjer at rypa nok har tilhaldsstad der no. I den kvite fjærdrakta søkjer ho vern der snøen har lagt seg. Frå stovevindauga ser ein rett inn i hjarta av fjellheimen. Nokre kilometer mot nord ligg Knaben Gruver. Litt lenger mot nord-vest Knaben Gård. Mange fotfarande passerte her før køyrevegane kom. Mellom anna Gesine Josdal (frå Knabenes) då ho skulle “lese for presten” i Fjotland kyrkje. Terrenget er nok og godt kjend for Erik Scheflo. I august hadde me ein reportasje om han - Lillestrømmannen som hadde feriert 51 år i Sirdal. I ein tjuveårsperiode leigde han saman med vener jakt her på Hålandsheia.


Jan Ousdal leiger i dag jakta på bruket som Ingeborg Lien Strandhus eig. Ingeborg er niese til Tonny Ousdal. Her er Jan og Tonny, som forøvrig er søskenbarn, avbileta framføre bustadhuset på Håland. Foto: Oddvar Tjomlid

Rysen og Gyre

På toppen av Heidefjeddet, som det heiter på dialekt, er det reist vardar. Dei blir kalla Rysen og Gyre. Vardane er lett synlege frå garden. Når gardsfolket høyrde rysen rista seg i Heidefjeddet, blei det uver i følge sagnet.

Nedafor husa ligg Hålandsvatnet. Vassdraget startar ved Øyervatnet, på høgdedraga sør for Knaben Gruvor. Vasskilje går ved Smissvatnet, og vatnet blir derefrå leia sørover gjennom Langevatnet og ut i Kvina ved Solli. Eit mindre vassdrag frå desse traktene møter Kvina nord for Netlandsnes. På austsida av fjella går eit anna vassdrag gjennom Litlådalen og ned om Eftestøl.

Det første huset du kjem til, som i dag altså blir eigd av Ivar Risnes, er svært stort. I tidlegare tider var det pensjonat her. Jan hugsar at eigarane, Per og Tore, var svært gjestmilde.

-Når folk gjekk forbi på veg til gruva, var det mange som blei bede inn på kaffi. Då pensjonatet blei drive i den mest aktive perioden, hadde dei eigne kokker der. Kyrkjevegen gjekk dessutan forbi her.

Tragiske ulukker var ein del av kvardagen når folk ferdast på slike vegar. Tonny sin bestefar drukna då han skulle følgja dottera si til Fjotland for å lese for presten.

-Det var på våren og dei gjekk over isen om morgonen. Men då bestefar skulle heim att seinare på dagen, hadde isen blitt så dårleg at han gjekk gjennom og drukna. Bestemor blei då enke med 6 barn. Den eldste, Karen Tonette, var då konfirmant, og mor mi var eitt år.

Då Arne flytta opp til Håland i byrjinga av 70-åra, hadde han tilsyn med Karen Tonette Bergsli. Men etter at ho døydde, budde han mutters aleine. Den delen som det ikkje var odel på, kjøpte Arne og hadde store planar om å dyrke opp ny mark. Han rakk berre delvis å gjennomføra planane sine før sjukdomen kom.

No comments: