Thursday, October 16, 2008

"Tungvektar til Bremanger-kortfilm"

Note: It was announced on 10 November that due to illness, Ousdal would be replaced in this film by Roger Hilleren.

Tungvektar til Bremanger-kortfilm

Oppfølgjaren til kortfilmen «Operasjon kvit snø» kjem til våren. No er første skodespelar henta inn. Og det er ingen smågut.

Dag Nesbø Frøyen, Firdaposten.no 16.10.2008

Fekk stornamn: Sverre Anker Ousdal har takka ja til hovudrolla i den neste kortfilmen til Firework Film som skal spelast inn i Bremanger i romjula. Foto ANB

Det er Sverre Anker Ousdal som skal spele hovudrolla. Engasjementet og dugnadsånda i Bremanger har interessert 64-åringen frå Flekkefjord nok til å hoppe om bord.

Anker Ousdal er ein av dei mest kjende skodespelarane vi har i Norge. Spesielt på film har han eit tungtvegande namn og er flittig brukt i både norske og svenske spelefilmar.

Budsjettet denne gongen er tidobla frå dei 5000 Fireworks Film hadde tilgjengeleg på «Operasjon kvit snø». Likevel er det oppsiktsvekkande at dei klarer å hente ein kapasitet som Sverre Anker Ousdal til Bremanger for å spele i ein kortfilm i romjula.

– Det er snakk om småpengar vi må ut med for ein skodespelar av dette kaliberet, seier produsent og primus motor Svein Arild Vatsø.

– Eg snakka til han om suksessen med «Operasjon kvit snø» og forklarte kor viktig dette prosjektet er for oss og miljøet vi held på å bygge opp. Han var veldig interessert, seier Vatsø.

No comments: