Thursday, July 31, 2008

"Filminnspelingar i Luster"

Filminnspelingar i Luster

Fylkesleksikon, 17 November 2003

Klapparen på "Sånt är livet" frå 1996. (Foto: NRK)

Nokre av dei mest kjende utandørsscenene til filmen om stortjuven "Gjest Baardsen" i 1936 vart tekne opp i Luster. Alfred Maurstad spela hovudrolla. Dei kjende bileta der Maurstad syng "Fjellsangen" (- Å kom, vil I høre en vise om Gjest...) vart tekne opp på Sognefjellet nokre kilometer ovanfor Turtagrø. Film-scenene frå "lensmannsgarden" med arresten vart tekne opp på den gamle lensmannsgarden Fuhr i Luster.

...

Frå innspelinga av "Sånt är livet" på Lustrafjorden. (Foto: NRK)

Sånt är livet

Regissør Colin Nutley (som laga suksessen "Änglagård") og m.a. skodespelarane Sverre Anker Ousdal, Helena Bergström, Rolf Lassgård, Sven-Bertil Taube og Jakob Eklund spela inn scener til filmen "Sånt är livet" i Solvorn i 1996.


Image from newsreel about the filming.

No comments: