Thursday, September 11, 2008

"Briljant kammerspel"

Briljant kammerspel

Anmeldt av Jostein Sæbøe, Romsdals Budstikke, rbnett.no, 09. november 2006


Ektepar på scena: Kjersti Holmen og Sverre Anker Ousdal i ein intrige om samliv, sanning og løgn i Bjørnsonsalen. Foto: Kjell Langmyren


TEATER:
"...til døden skiller oss ad"
Sted: Bjørnsonsalen
Med: Kjersti Holmen og Sverre Anker Ousdal/ Riksteatret
Av: Eric-Emmanuel Schmitt, omsett av Erik Bjørnskau
Regi: Kjetil Bang-Hansen
Publikum: Fullt

Det er til dei grader sambuarparet Kjersti Holmen og Sverre Anker Ousdal som eig scenen i Riksteatrets forestilling "...til døden skiller oss ad", oppført i Bjørnsonhuset måndag kveld. Eventuelle svake punkt i den franske forfattaren Eric-Emmanuel Schmitts manuskript forsvant meir eller mindre fullstendig i det medrivande og intense spelet som Holmen/Ousdal varta opp med.

Kanskje er du ein av mange som har sett amerikanaren Edward Albees skodespel "Hvem er redd for Virginia Woolf", der partane i eit ekteskapsinferno flyg i strupen på kvarandre i eit hatefullt oppgjer med fortidas sjalusigrums og andre uoppgjorte konfliktar. Stykket "...til døden skiller oss ad" har det ekteskapelege oppgjersmotivet og den tette, dramatiske dialogen til felles med Albees stykke, men er elles halde på eit mindre aggressivt og meir sivilisert samtalenivå. Kanskje skuldast dette at stykket har eit borgarleg fransk og ikkje eit actionprega amerikansk opphav?

Uansett er det blitt ei engasjerande framsyning, først og fremst på grunn av dei to svært dyktige aktørane på scena. Holmen/Ousdal gestaltar stykkets to figurar, ekteparet Lisa og Gilles. Uheldige Gilles, som er forfattar, har i følgje kona falle ned ei trapp og mista hukommelsen. Kona Lisa har nettopp henta han heim frå sjukehuset når stykket tar til, og no prøver ho å rekonstruere for Gilles kva som var og er livet hans. Det er dialogen mellom dei to som er det drivande handlingselementet i stykket, utspelt i eit nakent og avslørande gråaktig interiør utan nokon form for brot på den halvannan times lange samtalen. Replikkvekslinga er imponerande smidig og presis , og i den verbale maktkampen som oppstår, viser Holmen/Ousdal scenekunst av første klasse.

Filosofen og litteraten Eric-Emmanuel Schmitt som har skrive stykket, har for lengst slått gjennom som ein av dei mest populære dramatikarane på europeiske scener. Her til lands hugsar vi han spesielt for suksessforestillinga "Enigmavariasjoner" på Oslo Nye for nokre år tilbake, og "...til døden skiller oss ad" har mange av forfattarens kjenneteikn: Det gåtefulle og skjulte i mellommenneskelege relasjonar, det uventa og uforståelege i våre handlingsmønster pluss eksistensielle problemstillingar i ulike variantar.

Sjangermessig er det vrient å karakterisere stykket, det er ein miks av både komedie og tragedie innanfor rammene av eit moderne ekteskapsdrama. Innanfor desse rammene har forfattaren også plassert ei krimgåte med tilknytning til ei av Gilles' bøker med same namn som skodespelet. Sinnrikt og lagvis blir spelet mellom ekteparet avslørt og sanninga avdekka. Men kva er sanning? Ein rest av det gåtefulle og ubesvarte blir alltid liggjande igjen. Det heile er fiffig gjort, men ikkje heilt utan små banalitetar og klisjéar i alt det seriøse og til tider brutale.

Regissør og tidlegare medarbeider ved Teatret Vårt frå starten i 1972, Kjetil Bang-Hansen, har sikkert hatt stor glede av å arbeide med to så eminente skodespelarar og ein så kompleks intrige om samliv, sanning og løgn. Stikkord er utforsking og underhaldning på høgt nivå, på ei og same tid. Scenograf John-Kristian Alsaker har skapt eit uttrykksfullt interiør som bakteppe for den elegante samtaledramatikken. Resultatet er blitt eit fascinerande kammerspel til innsikt og nyting.

No comments: